Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Atlanten VGS > Nyheter > Alle vidaregåande skolar i Møre og Romsdal er stengt

Alle vidaregåande skolar i Møre og Romsdal er stengt

For å forebygge ytterlegare smittespreiing, har fylkeskommunedirektøren bestemt å stenge dei vidaregåande skolane i fylket. 

Stenginga gjeld frå og med 13. mars og gjeld i to veker. Stenginga er i samsvar med nasjonale retningslinjer. Skolane er ikkje fysisk stengt, men det vil ikkje verte gjennomført ordinær undervisning i skolebygga og elevar skal ikkje møte opp.

Legg opp til digital undervisning for elevar
All opplæring ved dei vidaregåande skolane vil frå fredag 13. mars verte gitt som heimeundervisning ved hjelp av digitale verktøy. Den enkelte skole vil følgje opp og legge til rette for at dette kan gjennomførast. Elevane har fått høve til å ta med bøker og PC heim, slik at dei kan gjennomføre heimeundervisning. Det kan likevel vere elevar som manglar naudsynt opplæringsmateriell, og dei kan ta kontakt med skolen for om mogleg å komme innom for å hente bøker.

Ikkje karantene
Elevar og tilsette er ikkje satt i karantene, tiltaket med heimeundervisning blir innført for å hindre smittespreiing. Det vil også skape ro og tryggleik for elevar, føresette og tilsette.

Sjå elles instruks frå utdanningsdirektoratet