Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Atlanten VGS > Nyheter > Ekskursjon Tingvoll

Ekskursjon Tingvoll

I løpet av to dagar i veke 38 og to dagar i veke 40 har vg2 ved Atlanten vore på ekskursjon til Tingvoll og bada i eldre historie ein heil dag. 

Elevane  har hatt omvising i Tingvoll kyrkje – ei steinkyrkje frå middelalderen full av historie. På museet i Tingvollia har elevane lært om reiskap og utstyr frå steinalderen og bronsealderen, og elevane har mellom anna fått prøvd å laga eld med knusk og flint. Ute i museet har dei fått prøvd å skyte med pil og boge, og lært om ulike bogetypar. Elevane har òg besøkt 6000 år gamle hellemålingar, kor ein arkeolog har fortalt om livet på Nordmøre i steinalderen.

Opplegget på Tingvoll har gjort forhistoria levande for elevane på ein måte vi ikkje klarar å få til i klasserommet, og både elevar og lærarar er samde om at dette samarbeidet med Tingvoll museum må halda fram.

Elevar på veg opp frå hjortedyra på Hinna.

Elevar på veg opp frå hjortedyra på Hinna.

Historielærar Signe Kjøl saman med elevar frå musikklinja

Historielærar Signe Kjøl saman med elevar frå musikklinja.

For desse elevane var nok høgdepunktet på ekskursjonen å få gå i gangane i veggen på Tingvoll kyrkja

For desse elevane var nok høgdepunktet på ekskursjonen å få gå i gangane i veggen på Tingvoll kyrkja

Marianne Nystad kunne fortelja at knusk er ein tørka sopp som vart brukt til opptenning.

Marianne Nystad kunne fortelja at knusk er ein tørka sopp som vart brukt til opptenning.

   

Skrive av Åsmund Ormset