Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Atlanten VGS > Nyheter > GIS-dagen markert på Atlanten vgs

GIS-dagen markert på Atlanten vgs

Plan- og temadatautvalet i Møre og Romsdal (som består av representantar frå Geoforum, Fylkesmannen, fylkeskommunen, Statens Vegvesen, Molde kommune og Kartverket) markerte i år igjen GIS-dagen med å arrangere ein fagdag i samarbeid med Atlanten vidaregåande skule i Kristiansund. 23 elevar frå Geofag 2 deltok saman med lærarane frå skolen. 

GIS-dagen ble for første gong hold under et tema som er aktuelt for tida og området, tema på GIS-dagen ble «Søppel i havet». Som innleiing fekk dei ein gjennomgang av kva GIS/geodata er og kva utdannings- og yrkesmuligheiter som finst innan fagfeltet. Som døme på praktisk bruk av faget og temaet fekk vi deretter fleire spennande innlegg frå eksterne foredragshaldar om Maritimt forsøpling (Fylkesmannen i Møre og Romsdal), om Søppel på havbotnen (Havforskingsinstitutt i Bergen) og om GIS i kvardagen (Geodata i Trondheim).

Dagen fortsette med den tradisjonelle online GIS-quiz med utgangspunkt i dagens foredrag og i ortofoto frå distriktet. Premiar sponsa av Geoforum Møre og Romsdal gav elevane ein ekstra motivasjon til innsats.

Etter lunsjen som ble sponsa av organisatorane vart elevane sendt ut i fire puljar for å kartlegge og samle inn forskjellige typar søppel langs strendene i nærleiken frå skulen. Kartlegginga skjedde ved hjelp av en applikasjon på elevenes mobiltelefon. Elevane gjennomførte oppgåvene med stort engasjement, etter en liten time var fleire store sekker fylt med søppel frå strendene. Lærarane i skulen kunne følgje med på elevens innsats via «operation desktop» i skulen. Gruppa med flest regsitreringa ble premiert etterpå. Dagen slutter med ein oppsummering og den tradisjonelle GIS-dagens kake.

Takk til alle som bidrog til ei vellykka arrangement.

Sven Michaelis,
Kartverket Molde