- Vi har snakka meir spansk denne veka enn på 6 år i spansken
I veke 11 var spansk 3-elevane på ekskursjon til Alicante i Spania og dei er er ikkje i tvil om at dette var lærerikt!
«Vi budde heime hjå ein spansk familie, og vertsmora snakka spansk til oss heile tida, så då var det ikkje anna å gjera enn å svara etter beste evne», seier Maria Magdalena Hoffman, ein av to elevar frå Atlanten som var med på turen.
Det var 24 elevar frå vidaregåande i heile fylket som deltok på ekskursjonen, og elevane hadde undervising frå 9-13 kvar dag og ulike kulturelle aktivitetar på ettermiddagane. Lina Golmen Leh, den andre eleven frå Atlanten, fortel at det var lite tid til å slappa av den veka dei var der: «Vi rakk så vidt heim til familien for å eta lunsj før vi måtte ut igjen for å delta på aktivitetane på ettermiddag! Vi gjorde mykje forskjellig; alt frå byvandring til besøk på arkeologisk museum til salsakurs.» Maria skyt inn at det var tid til å gjera ting på eiga hand på kveldstid også, og vil absolutt anbefale neste års spansk 3-elevar til å bli med på ekskursjonen om dei får sjansen.
Faglærer Åsmund Ormset