Informasjon til føresette til elevar på VG2 om undersøking av læringsmiljøet
Atlanten videregående skole vil i veke 16 gjennomføre kartlegging av læringsmiljøet i klassane på VG2 der vi vil bruke kartleggingsverktøyet Spekter som reiskap.
Bakgrunnen for undersøkinga er ein del av det førebyggande arbeidet for å sikre godt og trygt læringsmiljø.
Spekter-undersøkinga er frivillig å delta på. Vi oppfordrar likevel alle til å delta slik at resultatet blir så utfyllande som mogleg og på den måten blir eit godt verktøy for å skape godt og trygt læringsmiljø. Elevane kan også velje å ikkje svare på alle spørsmåla. Elevane skal berre svare på det dei veit, ikkje på det dei ikkje veit.
I slike kartleggingar kan det kome fram opplysningar som må handterast vidare. Det er laga eigne rutinar slik at alle partar blir ivaretekne. Når undersøkinga er gjennomført vil det vere skolen sitt Innsatsteam mot mobbing som handterer dei opplysningane som kjem fram av kartlegginga, og involverer aktuelle partar som for eksempel kontaktlærar, PPT, rådgivarar og liknande. Alle som er involverte i arbeidet med opplysningane, har teieplikt. Involverte partar kan krevje innsyn i den oppsummerande rapporten.
Målet er at læringsmiljøet skal bli godt og trygt for alle elevane resten av skoletida.
Dersom det skal settast inn tiltak for trygt og godt læringsmiljø, skal skolen lage ei aktivitetsplan jf (§9 A-4).
De kan lese meir om Spekter-undersøkinga og arbeid med godt og trygt læringsmiljø på https://www.spekterdigital.no/.